Petter Carlsen

Postet av Adam og Eva Grensen den 21. Sep 2013

Vert du sjarmert av menn med gitar, og deilig røyst ifrå nord? Då bør du befinne deg på Herr Nilsen 21.30 i kveld! Då står Petter Carlsen klar for å trollbinde deg. Dette er mannen frå Alta som i følge Danny Cavanagh ”is the most talented musician I have ever met in my life".

Til å varme opp for seg har han med seg Kristian Park som har studert ved McCartney-skolen LIPA i Liverpool. Ved skulen sin avslutningsseremoni sumaren 2007 fekk han prisen Songlinks «Best international song, lyrically and musically» for songen sin "Lovers & Haters".

Det er med andre ord duka for ein kveld med massevis av kjensler! Etterpå kan du riste dei av deg på The Villa til Ost&Kjex.

God laurdag!

Ina / Adam og Eva Grensen


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.