How to Hair #4

Postet av Adam og Eva Grensen den 26. Apr 2013

                                       


Ina / Adam og Eva Grensen fortel deg korleis du får fine bryn.

Dei er ramma til augo dine, er dei gjort feil vert heile ansiktet feil. Derfor er bryn er viktig!
For å finne den optimale formen til ditt ansikt treng du ein rett gjenstand (til dømes pensel).
Legg den inntil nesevingen, og via augekroken. Det punktet der penselen krysser brynet er starten (pkt.1).
Punkt 2 går også utfrå nesevingen, og via iris. Dette skal vere det høgaste punktet.
Punkt 3 får du ved å legge penselen frå nesevingen, via ytterkroken på auget. Dette er avslutninga.





Dei fleste treng å fylle ut bryna med litt farge. Det er fint med både øyenskygge, og brynsblyant. Finn din favoritt!
Start med å gre håra på plass. Deretter fyller du inn farge der det trengs. Ofte kan det vere fint å legge highlight i underkant av brynet for ei klar avslutning, og eit opent blikk. Permanent farge på bryna er å anbefale entan for å gjere sminkejobben mindre, eller til og med slippe! Me anbefalar at du kjem til oss for å gjere dette.

Når dette er på plass er det berre å leike seg med perler, og ulike fargar. Berre la fantasien stoppe deg ;)



















0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc