Ina is in da house!

Postet av Adam og Eva Grensen den 26. Mai 2015




Gjett kven som har snike seg ned i kjellaren i Grensen att!







Jaudå! Det er eg som drog til Hardanger for å plukke eple. Ein kan vel seie at bondekarrieren ikkje tok heilt av. Etter omlag to veker i Noregs vakraste bygd, fekk eg jobb ved Den Nasjonale Scene i Bergen. Der har eg laga barter, tenner, sminka og satt på parykker til stykker som Hellemyrsfolket, Ein Folkefiende, Othello, Momo-kampen om tiden, og Anne Pederdotter.
Likevel vaks saknet til Oslo, desse fantastiske menneskja i Grensen, og klipping av hår.
Derfor er eg no å finne i Grensen 8 fram til 19. juni.


Gamle og nye kundar er meir enn velkomen!
Slå telefonnummer 22 05 07 50 for bestilling av time.




0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc