Nordfor Sola

Postet av Adam og Eva Grensen den 21. Apr 2014



X2-festivalen i Volda fekk mest omtale etter foredraget til Jarle Andøy. Vel og bra det, men me som haldt oss teltet lenger denne kvelden fekk eit møte med Jørn Nyseth Ranum. Jørn fortalde med sjarmerande Valdres- dialekt om prosjektet til han og kamerat Inge Wegge.
Gutane traff kvarandre på Kunst og Filmskulen i Kabelvåg. Dei er begge glad i natur og surf. Då dei oppdaga gode bølgjer på ei strand i Lofoten, men som også var full i boss kom idèen; Kunne dei overvintre på denne stranda? Kun leve på overflod? Til tross for forkasting av idè gjennomførte dei. Dei skulle bygge seg hytte utor drivveden og leve på mat som var utgått på dato. Dei skulle ha det varmt inne, det skulle vere koseleg, og dei skulle ha rund dør. Heldig for oss dokumenterte dei det heile. Dette har resultert i dokumentaren Nordfor Sola. Dokumentaren har vunne fleire prisar på ulike filmfestivalar rundt om i verda. Du kan sjå den som ein serie hjå Fri Flyt, eller betale ein liten sum for leige eller eige på VimeoOnDemand. Absolutt verd pengane! Eg får i alle fall lyst til å reise på eventyr nordover, og plukke boss for å redde Noreg si kystlinje.







Ina / Adam og Eva Grensen



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc