Ekstremsportveko!

Postet av Adam og Eva Grensen den 22. Jun 2014



Til sundag brakar årets høgdepunkt på Voss laus! Eit arrangement som samlar omlag 1200 utøvarar i frå 30 forskjellige nasjonar kvart år.

Ideen om å arrangere ein ekstremsportsfestival på Voss starta då ein gjeng ifrå luft- og elvesportsmiljøet på Voss var samla til fest ein sein haustkveld i 1997. Planen var å arrangere noregscupar i paragliding og rafting sumaren 1998, men etter festen vart planane endra. Dei vart einige om å samle aktivitetar innan sportane fallskjerm, paragliding, rafting og elvepadling i ein festival. Dette var starten på Ekstremsportveko.

Dei siste åra har også sportar innanfor ski, skate, og sykling vorte inkludert i programmet. I år kan du delta i 14 forskjellige sportar. I tillegg til tre forskjellige 'multi- konkurransar'. Nokon kallar det alternative triathlon. Er du mindre glad i ekstremsport er det det også tryggare aktivitetar for alle aldre. Deriblant baby-måling, ekstrem eldrebuss, vindtunell, samt diverse kurs. På kvelden er det full fest, god stemning og konsertar. I år spelar blant anna Karpe Diem og Hoffmaestro.

Sidan 1998 har Ekstremsportveko opparbeida seg ein posisjon som eit av verdas største og mest suksessfulle ekstremsportsarrangement.

Her kan du ta ein titt på høgdepunkt i frå fjoråret:



Er du freista?
Då kan du trykke deg inn på denne linken for meir informasjon: http://ekstremsportveko.com/

Ina / Adam og Eva Grensen






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc